Logo
 

BØKER: MEIR INFO


Å venta på regnbogen
(barnebok med bilete av Marc Chagall)
1998 Det Norske Samlaget

UTDRAG: - Grøn? Kvifor er han grøn i ansiktet?
- Det er kanskje meg, seier Marc. - Eg er redd for å mista det mest dyrebare av alt, kjærleiken. Eg har mala ganske mange menn som er grøne i ansiktet.
- Kva for grønfarge har ein når ein er redd for å mista kjærleiken?
- Som våt mose på ein mørk plass i skogen. Men dama på himmelen er ikkje redd. Ho smiler. Det kvite håret, eller brude-sløret hennar, er som benken vi sit på. Glatt. Og mjukt. I bakgrunnen har eg mala Eiffel-tårnet, med ei ganske knall-raud sol. Som kjolen din. Ingenting gjer blått så blått som knall-raudt, seier Marc.

HANDLING: Louise går frå heile bursdagsfeiringa si fordi ho vil ha fred. Ho set seg på ein benk i parken. Men der treffer ho malaren Marc som ikkje har tenkt å gå med det første. Han sit nemleg og ventar på regnbogen.

KRITIKK:
Nytt elegant kunstgrep ... Bjørn Sortland har igjen laga ei elegant forteljing, og igjen formidlar han kunsthistorie på sitt eige forunderlege vis ... Sortland har laga ei varm og klok historie om både ei spesiell jente og ein heilt spesiell kunstnar, som er fin å lese høgt.
Ola By Rise, ADRESSEAVISEN

Hovedpersonen er en jente på elleve år. Hun møter bildekunstnere Marc Chagall på en benk i parken og kommer i snakk med ham om farger og motiv og forholdet mellom kunsten og livet. Samtalens estetiske fokus og framstillingen av jentens sanseevne er bokens absolutte styrke.
Nina Goga, BERGENS TIDENDE

Sortland klarer å kombinere formidlingen av Chagalls kunst med en tilforlatelig historie, som også har humoristiske elementer. Teksten er lett å lese og egner seg for både yngre og eldre skolebarn, samtidig som voksne høytlesere har en bok å kose seg med.
Hilde Bjørhovde, AFTENPOSTEN

... en vakker billedbok ...
Truls Horvei, HAUGESUNDS AVIS

Det er nok mange som vil gle seg over den litt absurde tonen i denne boka.
Marianne Lystrup, VÅRT LAND

FORFATTAREN SJØLV SIN KOMMENTAR: Chagall er ein av dei største. Det var slik ei glede å dukka inn i bildeuniverset hans mens eg skreiv. Som alltid var det også denne gongen så utruleg mange fleire bilde eg gjerne skulle hatt med.